KUNSTBLOGG sistan

7. okt, 2015

SUNNMØRSKUNSTNARANE I  ÅLESUND SPEGLAR SEG FRÅ ALLE SIDER PÅ KUNSTMUSEET KUBE. OFFENTLIG STØTTA FRÅ FYLKE OG STAT – KUBE ER JO EIT FYLKSEMUSEUM FOR SÅ VIDT EG KAN FORSTÅ !

Kva er det vi ikkje har fått med oss  vi som er kunstnarane i Møre og Romsdal?  Kva er det fylkets kulturpolitikarane ikkje ser eller får med seg når dei i sine gode meiningar etablerar viktige visningsarenaer, gir økonomisk støtte og opprettar  kunstnarstipend? Er ikkje dette ordningar  som skal ha som mål å samle og styrke kunst og  kunstnara i heile vår region?

 

Då kunstmuseet KUBE vart etablert var det ut frå ei overordna målsetting om å arbeide for, og å styrke vilkåra for visuell kunst og kunstnarar i heile Møre og Romsdal fylke. Den som påstår at dette er godt ivareteke må gå nokre rundar med seg sjølv.

 

At KUBE feirar sitt 10 årsjubileum  med ei så ufattelig snever og skråstilt deltakarliste er rett og slett ein hån. Fleire av utstillarane er godt representert gjennom at dei stiller ut under begge avdelingane.  Det er mest ikkje til å tru. Dette kan ein vel merke seg som noko nedlatande haldning for kunstmiljø og kunstnarstanden i Møre og Romsdal.  

 

Utanom nokre slengarar, antageleg fungerar dei som eit alibi for det «regionale», har alle jubileumskunstnarane eit utgangspunkt i Ålesund, eller på Sunnmøre. Og om dei ikkje er født / bor i Ålesund eller på Sunnmøre- ja så har dei i alle fall vore elevar på Ålesund Kunstskule.

 

4. okt, 2015
4. okt, 2015

Tabellene er utarbeid med bakgrunn i tildelingslistene for fylkets kunstnarstipend 2008-2015, og utstilling/innkjøpslistene som er tilgjengeleg for KUBE.

Sidan det ikkje er eigen juryordning for handsaming og vurdering av fylkeskunstnarsøknadene, er det ansatte med kunstfagleg kompetanse på KUBE som innstiller stipendfordelinga overfor fylket. Ansatte har på den måten vore med å vurdert samme kunstnarar og deira stipendsøknadar gjennom fleire år, avhengig av kor lenge dei har vore ansatt ved KUBE.


Ei slik ordning er svært uheldig, både overfor ansatte ved KUBE og kunstnarane i fylket. Om ikkje denne "ordninga" vert endra, korleis ser det då ut 5 eller 10 år frå no? Fylkesstipenda er offentlege midlar og det må ikkje være noko form for tvil om inhabilitet eller venetenester når utdelingane finn stad.

4. okt, 2015

Tabellene er utarbeid med bakgrunn i tildelingslistene for fylkets kunstnarstipend og KUBES utstilling/innkjøp