4. okt, 2015

TEKST OM TILDELINGAR

Tabellene er utarbeid med bakgrunn i tildelingslistene for fylkets kunstnarstipend 2008-2015, og utstilling/innkjøpslistene som er tilgjengeleg for KUBE.

Sidan det ikkje er eigen juryordning for handsaming og vurdering av fylkeskunstnarsøknadene, er det ansatte med kunstfagleg kompetanse på KUBE som innstiller stipendfordelinga overfor fylket. Ansatte har på den måten vore med å vurdert samme kunstnarar og deira stipendsøknadar gjennom fleire år, avhengig av kor lenge dei har vore ansatt ved KUBE.


Ei slik ordning er svært uheldig, både overfor ansatte ved KUBE og kunstnarane i fylket. Om ikkje denne "ordninga" vert endra, korleis ser det då ut 5 eller 10 år frå no? Fylkesstipenda er offentlege midlar og det må ikkje være noko form for tvil om inhabilitet eller venetenester når utdelingane finn stad.