4. okt, 2015

KUNSTMAKT OG KUNSTNARAVMAKT

UTAN VATN DØYR TREA

Fylket sitt kunstnarstipend er ei viktig ordning. Ordninga vart oppretta i 2008.

 

Men fungerar ordninga etter hensikta? Korleis vert ordninga forvalta? Kven sit med kunstmakta? Kven får stipend? Kven søker? Kven får avslag? Kven er inne ? Kven er ute? Kven er ven med kven? Kva skjer med kritiske røyster? Kven sit med makt og posisjonar? Kvar er "navlen og kunstpunktet" i fylket vårt? Korleis fungerar kunstmiljøet i Møre og Romsdal.... eigentleg?

 

Ei oversikt viser at frå 2008 til 2015 har det visuelle kunstfeltet motteke vel 1,5 millionar i stipendkroner. Vel 1 million kroner har gått til 7 kunstnarar ...6 har motteke sipendet 2 gonger og 1 har fått stipendet heile 3 gonger..

500.000 er fordelt til 11 kunstnarar som enkeltstipend. Her finn ein 6 seniorkunstnarar ( født før 1960)...som har fått dei minste stipendtildelingane....totalt 230.000 til saman.

 

Ein kan undre seg over mangt og mykje i alle fag. Men inhabilitet og kameraderiet i kunstmiljøet trur eg tek kaka. I eit så lite miljø som det visuelle fagfeltet i vårt fylke vert dette svært synleg...alt ligg og flyt godt synleg i overflata!

Kvifor er visuelle kunstnarane så utruleg stille? Sjøl om vi vert ramma av fagleg urett, utarming og uverdig behandling er vi
stille stille stille!

Utan vatn døyr trea.