KUNSTBLOGG sistan

2. feb, 2016
13. okt, 2015

 

OPE BREV TIL FYLKESKULTURSJEF HEIDI-IREN WEDLOG OLSEN

OG KULTUR OG FOLKEHELSEUTVALET OM INNSYN I EIGNE DOKUMENT

Med bakgrunn i vedlegg til dette brevet ber eg om innsyn i handsaminga av mine søknader til Fylkets Kunstnarstipend frå 2008 til 2015,og full innsikt i kven som har handsama og vurdert søknadane samme år. Eg ber og om å få svar på spørsmålsstillingane eg reiser i denne utgreiinga.

 

Med vennleg helsing

biletkunstnar Sissel Stangenes

Hustad, Fræna Kommune 12.10.2015

 

 

EI UTGREIING

 

KUNSTMAKT OG KUNSTNARAVMAKT

Å sette kritisk søkelys på eigne ordningar er ikkje det mest populære ein kunstnar kan ta seg til. Konsekvensane er ofte dei samme som for ein varslar - utfrysing, utestenging og usynleggjering

 

Utgreiinga handlar ikkje om person, kunstnar, institusjon eller organisasjon , men om sak, regelverk og ordningar som bør takast opp til ny vurdering. For å få fram ulike problemområder og svakheiter i system og regelverk må eg uheldigvis trekke fram samankoplingar som lett kan tolkast som angrep på person og institusjon. Det er eg den første til å beklage, og be om orsaking for.

Denne utgreiinga handlar om tal og grafisk visualisering av ordningar som i utgangspunktet er meint å styrke, sikre og utvikle den visuelle kunsten i fylket vårt - det handlar om oss!

 

Det er berre gruppa visuell kunst og kunstnarar eg har dokumentert gjennom denne undersøkinga!

 

FAKTA OG TAL

Det er 10 år sidan Kunstmuseet KUBE vart etablert, og 8 år sidan kunstnarstipenda vart innført.  Og i alle år i ulike fora og møter, mellom anna årsmøta til BKMR og KMR, har det vore spørsmål, undring og påstandar knytt til om dei to ordningane fungerar godt nok, og etter målsettingane. Opplevinga av at ein aldri fikk skikkeleg svar på heilt grunnleggande spørsmål førte til at eg tok for meg kjent talmateriale og faktaopplysningar for å finne dei svara.  Eg legg ikkje skjul på at svara som kom fram var verre enn det eg hadde sett for meg.

 

MØRE OG ROMSDAL ER EIT KULTURFYLKE

og har etablert fleire gode ordningar for å styrke, og sikre at aktørar innan kunst og kulturfeltet har utviklingsmoglegheiter. For det visuelle kunstfagfeltet er det mellom anna innført fleire viktige kunstnarstipend og ein høgt profilert formidlingsarena Fylkeskunstmuseet KUBE, Ålesund.

 

FORGUBBING OG REKRUTTERING

Det er mange spanande kunstnarar i fylket vårt, særleg innan den visuelle kunsten. Men fakta viser at størsteparten av den profesjonelle kunstnarstanden i Møre og Romsdal er seniorkunstnarar.                                  I realitetane er at vi er i ferd med å få ein alvorleg forgubbing i det visuelle kunstfagfeltet. Og det er ikkje gode tal å ta med seg inn i ei framtid. Kva skal til for å motverke ei slik utvikling?

 

Å tru at nokre kunstnarstipend aleine vil rekruttera kunstnarar heim att er ein fin, men urealistisk draum. Dei fleste yngre kunstnarar vel etter endt utdanning å busette seg i urbane og dynamiske kunstmiljø.

 

Kunstnarar som flyttar heim etter endt kunstutdanning, vel som regel det ut frå familie og heimstad, meir enn ut frå at dette er ein god «kunststad» å etablere seg på.

Gode ordningar er viktig for å sikre ein velutdanna og levedyktig kunstnarstand, like mykje som rekruttering. Er miljøet friskt og aktivt blant dei etablerte kunstnarane i fylket så rekrutterer det kanskje meir enn smale satsingsområde.

 

Å sikre ein kunstnarstand handlar om å sjå heilskap og å bygge opp under god vekst og trivsel.

Ein kan ikkje skape nytt liv i ekskluderande spor. Ein må legge til rette for inkluderande og heilheitleg utvikling gjennom å etablere gode kunstnarkår på ein solidarisk og rettvis måte. I det ligg mellom anna tilgang til atelier/verkstad, visningsstader, stipend og støtteordningar, kunstfaglege arbeidsoppdrag.  Ein må  ikkje gløyme at eit  godt etablert og levedyktig kunstmiljø kjem publikum til gode like mykje som kunstnarane.

 

 

EI UHELDIG UTVIKLING

Ekskluderande aldersreguleringar skaper ikkje vekst, det struper i staden eit friskt og aktivt kunstmiljø. I store deler av dei norske kunstordningane vert det nå brukt aldersdiskriminering, dvs. der omgrep som talent og ung alder er ein del av kriteriane for å kunne være aktuell. Det er merkeleg at offentlege og landsdekkande ordningar som skal komme fellesskapet til gode vert innsnevra til å gjelde utvalte grupper. Dette er diverre ein trend ein finn att på regionalt og lokalt nivå også.

 

Kunst har ingen alder!  Heller ikkje den skapande kunstnaren som er i arbeid på atelier og verkstad så lenge helsa held. Eit kunstnarskap utviklar seg etter kvart som kunstnaren vert eldre, og når ofte høgda når kunstnaren er meir enn godt vaksen. Med andre ord er utviklingsåra etter fylte 50 år vel så viktige som dei ein har som yngre og ung.

 

KUNSTNARSTIPENDA

Gjennom visualisering av tal og fakta kom ei heilheitleg oversikt fram - den som fortel at det står kanskje ikkje heilt bra til med dei viktigaste ordningane for visuell kunst i fylket vårt.

 

Behandlinga og tildelingane av kunstnarstipenda reiser ei rekke spørsmål ein bør stoppe opp ved.  

Då ordninga vart innførd i 2008 vart det ikkje satt av pengar til administrasjon/ juryering. At fylket har pålagt ansatte (med kunstteoretisk bakgrunn) ved KUBE denne vurderingsoppgåva er ikkje noko god løysing. Ein som har vore ansatt i 6-8 år  ved KUBE har i hovudtrekk behandla dei samme kunstnarane og søknadane deira som regel kvart einaste år. 

 

For å unngå inhabilitet og venskapstenester er det normalt at ein kunstnarisk jury / nemnd /råd vert skifta ut etter 2-3 år. Her er Statens Stipendordningar, Landsdelsutstillingane og Høstutstillinga gode eksempel å rette seg etter.

 

Når ein studerar grafikken over stipendtildelingane går det tydeleg fram at kunstnarar bosatt i Ålesund/ Sunnmøre kjem sterkast ut, særleg dei yngre. Mange kunstnarar har blitt tildelt stipend to gonger kvar, ein har tre tildelingar. Dette er og kunstnarane med dei høgste tildelingane.  Seniorkunstnarar (født før 1960) kjem dårlegast ut med lågaste stipendsummar, og ingen av dei  er tildelt stipend meir enn ein gong. Det er ikkje utdelt eit «enkeltståande stipend» sidan 2013, berre 2. og 3.gangs tildelingar.

 

Kva er årsaka til dette?  Korleis har det seg at enkelte kunstnarar er gjengangarar og vert tildelt stipend  2, og 3 gonger med få års mellomrom? Er det slik at nokre kunstnarar skal kunne rekne med tildeling fleire gonger medan andre fell utanfor uansett?

 

Kvifor går dei minste stipenda til seniorkunstnarane?  Kva er det som gjer at ingen av dei har fått stipend to eller tre eller fleire gonger?

 

Vert eldre kunstnarar brukt som ei såkalla pressgruppe for å legitimerer at behovet for stipend er der, men som, når det kjem til stykket, fell utanfor sidan dei allereie er for «gamal»?

Kva er då hensikta med å sende inn søknadar til kunstnarstipenda når ein i utgangspunktet ikkje fyller «alderskrava» ?

 

Eit viktig spørsmål ligg i korleis statuttane til kunstnarstipenda blir tolka når søknadane vert vurdert. Til dømes avsnittet om  «å gje kunstnarane høve til å arbeide med nyskapande utviklingsarbeid med relevans i notida sitt kunstfelt» Kva ligg i dette? Kva er notida sitt kunstfelt? Korleis ser det «nyskapande» ut?

Er det ei oppfatning om at det er berre nokre få, helst dei yngre som arbeider « med nyskapande utviklingsarbeid med relevans i notida sitt kunstfelt»?

 

 

UTSTILLINGAR OG KUNSTHENDINGAR

 

Fylkeskunstmuseet KUBE har stor kunstmakt, enten ein likar å høyre det eller ikkje. Dei viktigaste kunsthendingane i fylket vårt er lagt til KUBE – vurdering av fylkets kunstnarstipend, utveljing av kunstnarar til separatutstilling, kollektive utstillingar , profilerte temautstillingar,  innkjøp, prosjektutvikling, formidling, andre kunst- og kulturopplevingar.

 

Etter ei grafisk framstilling av aktivitet og utstillingsprogram ser ein raskt at hovudtyngda i nedslagsfeltet LOKAL hos Fylkeskunstmuseet KUBE er konsentrert inn mot kunstnarar, kunstmiljø og kunstaktørar i Ålesund og Sunnmørsregionen. Stort sett er det dei samme kunstnarane som vert, og har blitt invitert til å stille ut på KUBE gjennom dei 10 åra KUBE har eksistert. Separat, tematisk eller kollektivt.  Om ein kan kalle dette for ein brei regional presentasjon av det som skjer i kunstlivet i Møre og Romsdal kan ein vel diskutera!

 

Har KUBE eit Kunstnarisk Råd, eller er det dei ansatte med kunstteoretisk bakgrunn som fungerar i den rolla? Kvifor tek ikkje KUBE imot utstillingssøknader ?  Korleis sett KUBE opp programma for separatutstilling med  lokale kunstnarar? Korleis vert kunstnarar «plukka» ut til temautstillingar,

eller kollektive utstillingar? Har utstillingane vederlag?

 

 

INNKJØP

For enkelte kunstnarar har tildelingar av stipend, invitasjon til separatutstilling og innkjøp via KUBE gått rett veg. At dei fleste av disse har bostadsadresse Ålesund er sikkert heilt tilfeldig, men kanskje ikkje så heldig! 

 

Er det slik at Fylkeskunstmuseet KUBE kjøper inn kunst berre frå eigne utstillingar- eller kjøper dei og inn fra andre institusjonar / galleri og verkstader? Korleis ser eigentleg innkjøpsbudsjett og regelverk for innkjøp ut?  Kven sit i innkjøpskomiteen?  Kjøper KUBE strategisk inn for å følgje karriereløpet til nokre få kunstnarar, eller for å dokumentere samtid og kunstnarisk aktivitet? Korleis veit KUBE kva som skjer ute blant kunstnarane i fylket når dei stort sett vender seg til, og/eller brukar dei samme kunstnarane?

 

 

KORLEIS STÅR DET EIGENTLEG TIL?

Er det gjennomført gode nok undersøkingar om levekår og arbeidskår for visuelle kunstnarar i fylket vårt?  Eller går ein blindt inn i det ein trur det er behov ut frå opplysningar og press frå organisasjonar eller enkeltgrupperingar? Er det berre pengar som skal til for å sikre «rekruttering»?  Korleis vert det arbeidd for å sikre og rotfeste kunstnarstanden som allereie bor og er etablert i fylket? Kan kunnskapen og erfaringane til seniorkunstnarane gi bredde og rom for rekruttering av nye kunstnarar?

 

NOKRE INNSPEL OG FORSLAG TIL ENDRINGAR

Fylket sine kunstnarstipend er offentlege midlar på lik line med at tilskot og støtteordningar til fylkeskunstmuseet KUBE er offentlege midlar. Dette har heilt klart ei målsetting om å styrke den visuelle kunsten og kunstnar i heile fylket uavhengig av alder, kjønn, religion og bustad. 

 

Kunstnarstipenda og formidlingsarenaen KUBE er viktig i vår region. Dette er ordningar vi alle må være med å utvikle  vidare, og å sikre inn i ei framtid . For å få til det må ein legge vekt på dialog og openheit mellom dei ulike partane i det visuelle kunstmiljøet.

 

I ein slik dialog og utviklingsarbeid må ein ta med andre aktørar enn berre nokre få som sit i kunstnarorganisasjonane. Det er lett å gløyme at det bor kunstnarar i fylket vårt som er uorganisert , eller som ikkje er aktive i organisert arbeid.

 

 

1. Fylkets kunstnarstipend må omdefinerast til

 

1 stort kunstnarstipend for yngre kunstnarar

1 stort kunstnarstipend for seniorkunstnarar

1 etableringsstipend for kunstnarar som ønsker å busette seg i Møre og Romsdal

1 prosjektstipend

 

2. Kva gir stipenda attende til fylket? Fylket bør stille krav om at stipendiatane til dei to store kunstnarstipenda etter endt arbeidsperiode presenterar sine prosjekt gjennom utstilling / andre visningsarenaer. Det er både riktig og viktig at kunstkritikarar / publikum /andre får eit innblikk i kva fagområder og tematikkar kunstarbeidarar bevegar seg i gjennom si forsking.

 

3. Det må innførast karantenetid mellom tildelingsperiodar

 

4. Det må etablerast ein ny vurderingsordning for kunstnarstipenda, enten ved å velje ein jury eller at søknadane vert behandla av kunstinstitusjonar utanfor fylket? « Juryen» må settast saman av yrkesaktive kunstnarar og kunstteoretikarar.  Juryordninga/medlemmar må skiftast ut etter 2 år. Det må settast av pengar til dette.  Er det ikkje friske midlar å ta av så får ein ofra noko av stipendmidlane til administrering.

 

5. Søkarar må få vite på førehand kven som skal behandle søknaden deira, slik at søkar har ein rimeleg moglegheit til å kunne reservere seg,  eller la være å søke. 

 

6. Ein må sette ned eit frittståande utval som går igjennom innkjøp og utstillingsverksemda ved KUBE  og som i samarbeid med KUBE/fylket og kunstnarorganisasjonane BKMR og NKMN utarbeidar nye retningsliner og program.

 

Kopi av denne utgreiinga vert sendt som orientering til følgjande adresser:

Fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen *  Kultur og Folkehelseutvalet, leiar Kristin Marie Sørheim  *  Fagsjef kulturformidling Møre og Romsdal fylkeskommune Johild Kosberg Bredin  *  KUBE direktør Gro Kraft   *  BKMRs styrerepresentant KUBE bildekunstnar Anne Beite  *  KMR styret ved dagleg leiar Kristin Mandt Heim  *  BKMR leiar Karin Augusta. Nogva  *  NKMN kontaktperson Brit Dyrnes  *  RB ved journalist Vera Henriksen